Mellomalder-

kveldar i

Midt-Telemark


Tre kyrkjer – tre konsertar – eitt historisk tilbakeblikk


– Det er ikkje alle som veit at me faktisk har tre mellomalderkyrkjer i Midt-Telemark, seier Grete Hasselgård Sele, dagleg leiar i KIRKUS. Dei tre kulturskattane er Bø gamle kyrkje, Nes kyrkje og Sauherad kyrkje.

No blir dei løfta fram i ei unik konsertrekke i samarbeid mellom KIRKUS og Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd, støtta av Kirkebevaringsfondet.

Fyrst ut er Bø gamle kyrkje torsdag 13. november, der Schola Cantorum

Nesensis under leiing av Henrik Ødegaard framfører gregoriansk tidebøn i levande lys – slik det kunne ha vore opplevd på 1300-talet.

Søndag 30. november blir det orgelkonsert i Sauherad kyrkje, Her deltek organistane Bruno Hageman, Øyvind Sundsvalen og Kåre Nordstoga, samt elevar frå orgelskulen i Bø kyrkje. Angelika Faber Karsrud er med på på bratsj og Lise Mette Møllerbråten på song.

Til slutt inviterer Nes kyrkje søndag 7. desember til gitarkonsert med Ole Martin Huser-Olsen, som held plateslepp for albumet Ikoner i musikk, med både mellomaldertonar og klassisk Bach.

Konsertane er del av eit formidlingsprosjekt som skal løfte fram kyrkjene si historie fram mot 1000-årsjubileet i 2030.